Trening i Florø Hundeklubb

Florø Hundeklubb har eiga treningsbane som er for alle som er meldt inn i Florø Hundeklubb.

Torsdagstreningane blir fra 1.april heldt på vår eiga bane ved Nybømarka. Vi tek hensyn til dagslyset og vil ei stund framover ha treningane frå kl 18 - til dykk er ferdig. Vel møtt!

Ellers er det fritt fram for medlemmer av Florø Hundeklubb å bruke bana når de måtte ønske. 

I vinterhalvåret, oktober-mars, trener vi inne i ridehallen i Brandsøya. Treningstdier vil bli annonsert.

 

Trivsels-og bruksreglar ved Florø Hundeklubb si treningsbane:

For at vi kan bruke bana på ein god og trygg måte, slik at alle kan trives under trening, er det viktig at alle setter seg inn i trivsel-og bruksregler for bana. 

 

  • Husk å alltid lufte hunden godt før ein går inn på bana. Ein vil helst unngå at hunder tisser og/eller markerer inne på treningsområdet (sjølv om uhell kan skje).
  • Plukk alltid opp etter hunden din og ta med posen til nærmaste søppeldunk.
  • Hunden skal alltid være under kontroll eller i bånd.
  • Mange hunder har ein stor intimsone og følar seg utrygge når andre hundar kjem for nært. Det er derfor viktig at alle respekterer at ikkje alle hundar vil eller skal hilse rundt eller inne på treningsområdet. Om ein har forståelse for dette kan ein jo også få trent på desse problemene. Spør ALLTID først om du ønsker at hunden din vil hilse på ein anna hund. 
  • Inngongen til treningsområdet må ikkje sperrast. Dette gjeld både ved eiga bana og når ein har trening ved Hestesportsenteret. Igjen, det er fleire hunder med stor intimsone som gjerne ønsker å kunne gå ut og inn av bana bekymringsfritt
  • Banen er eit treningsområde, det vil si at ein ikkje må falle for fristelsen og bruke området til frislipp, sosialiseringsleiking og frileik. 
  • For at alle skal trives er det viktig at ein rydder opp utstyr som ein har brukt.

 

Ved bruk av agilityutstyr:

  • Agility er ein fantastisk idrett som aktiviserer hunden både fysisk og mentalt. Agility er også svært krevende, og krever at ein veit om alle farene som f.eks. dårleg oppvarming og feil bruk av utstyrDet er derfor eit krav frå Florø Hundeklubb si side at ein får grundig opplæring av bruk av utsyret før ein trener agility. 

Kva tek ein med seg på trening:

  • Godbiter; de fleste hunder blir supermotiverte av digge godbiter!
  • Vatn; blir tørst av godbiter, leik og trening.
  • Leikar; super motivasjon for treninga.
  • Bruk alltid vanleg line under trening, ikkje flexiline.
  • Bil med bur slik at hunden kan slappe av mellom øktene. Det er tungt å trene, så ein anbefaler å ha fleire korte økter. 

God trening!

Mvh Florø Hundeklubb Kul